1. Heim
  2. Handels- og ferdavegar

Handels- og ferdavegar

Vegen over Sognefjellet er i dag ein av Noregs nasjonale turistvegar. Ein tur som byr på spektakulær utsikt og tek deg frå høgfjellet til fjorden. Men tenk deg korleis det var for dei som måtte krysset dette fjellmassivet til fots eller med hest for å få frakta varene sine mellom aust og vest.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Fortunsdalen besøkssenter

Fortunsdalen besøkssenter gjev deg innsikt i natur- og kulturarv og inspirerer deg til å oppleve området sjølv, året rundt. I den gamle butikken i Fortun sentrum, er daglegvarer bytta ut med utstilling og kafé.

Velkomen til oss!

Kart (Google maps)

M

Meny

Furuskog og fjellet Snota, landskapsbilde.

Heilt i frå 1400-talet var bønder i Lom pliktige til å vedlikehalde den viktige handelsruta frå kysten til innlandsdalane. Langs Sognefjellsvegen kan du sjå store tørrmura vardar med staur eller stein i midten. Vardane var viktige hjelpemiddel når ein skulle finne fram i høgfjellet.
Mellom Krossbu og Turtagrø er det registrert over 300 vardar. Nokre er firkanta, nokre runde og frå somme stikk det ut enkeltsteinar som viser retninga. Folk fylgde ei rute om vinteren og ei anna om sommaren. I dag er desse vardane rekna som viktige kulturminne og dei må få stå i fred.
Turen kunne vere farleg. I eit uvêr i 1813 omkom seks menn som var på tur frå Bøverdalen til Luster for å skaffe korn.

Vardane viser veg

Fram til slutten av 1800-talet var dølevegen ei mykje brukt rute mellom aust og vest. Ferdsla gjekk frå Bøverdalen mot Høydalen, over til Ormeli og ned til Fortun.

Traseen var nesten gløymt. Erling Ormelid dreiv høgdegarden Ormeli saman med systera si, Kjellaug, fram til 2002. Hans kunnskap om dølevegen gjorde at Torunn Løne Vinje kunne finne att dei eldgamle vardane og registrere dei som kulturminne.

Tre typar vardar viser veg. Styringsvardar kan ein sjå på lang avstand. Retningsvardane peikar ut retninga i klårvêr og er ofte synlege i silhuett mot himmelen. Nødlingane ligg tettare og viser veg i skodda.

Ved Moldskredvatnet står Klovsteinsvarden med ein heller der folk overnatta. Fangstfolk som fylgde villreinen etter siste istid, har truleg også vandra her og nokre av vardane kan vere fleire tusen år gamle.

Personer på tur.
Ku vasser i vann foran fjellformasjon

Å krysse fjellet på fire hjul

Midt på 1800-talet kom ideen om ein køyreveg over Sognefjellet. Det var usemje om kvar traseen skulle gå og vegbygginga starta ikkje før i 1936.

Fleire av vegarbeidarane  var ungdommar som verken hadde bygd veg eller vore i høgfjellet før. Dei budde i brakker der det var eigne kokker som laga mat. Mykje av arbeidet vart gjort for hand med enkle reiskap som hakke og spade. Vegen opna for trafikk i 1938.

Sognefjellsvegen er Nord-Europas høgste fjellovergang med eit toppunkt på 1434 moh. Han har status som Nasjonal turistveg. Før vegen kan opne må han brøytast, og det er eit spektakulært syn når plogen skjer seg gjennom snømassane i vårsola.

Natur som inspirerer

Sognefjellet si tiltrekkingskraft er spesiell. Forfattarar, komponistar og kunstnarar  har funne inspirasjon her.  14 år gamle Ludvig Holberg (1684-1754) tok seg frå Lom til Sogn i 1690-åra, men dei fleste kjende namna besøkte området på 1800-talet.

Ein akvarell av Skagastølstindane er eit minne frå Henrik Wergeland (1808-1845) sin tur i 1832. Det har jamvel vore spekulert i om han var fyrst på Store Skagastølstind, men han nøgde seg nok med å skrive diktet «Paa Skakastølstinden».

Henrik Ibsen (1928-1906) måtte søke ly i Hervabua ved Hervassdammen i 1862, og vart liggande vêrfast i tre døgn. Scener i «Brand» og «Peer Gynt» skal vere inspirerte av turen. Rasteplassen Oscarshaug er oppkalla etter kong Oscar II (1829-1907). I 1860 stoppa han der for å nyte utsikta mot Hurrungane.

Personer på tur.
Ku vasser i vann foran fjellformasjon

Ei reise i stadnamn

Ein tur over Sognefjellet er også ei reise mellom spesielle stadnamn. Krossbu, Fantesteinen, Galgeberget, Kammerherren, Prestesteinen og Daudmannvikje er ord som får fart på fantasien. I nærleiken av Krossbu var det vanleg å krosse seg og be til høgare makter om ein trygg tur.  Ved Fantesteinen skulle ein passe seg for røvarar.

På Galgeberget skal det ha vore to jernkrokar i berget der lomværer og lustringar hengde opp folk som gjorde ugjerningar i fjellet.  Steinformasjonane Kammerherren og Prestesteinen kan gje ly for uvêr og har truleg vore brukt som overnattingsstadar.

Stølsdrift

Oppe i fjellet kan du også møte dyr på utmarksbeite. Tidlegare hadde dei fleste bøndene i områda rundt nasjonalparkane stølar. Når graset spirer og fargar fjellet grønt, er det godt beite for kyr, sau, geit og hest. Det har vore tradisjon for å ta med seg buskapen til stølen (setra), slik at markane på garden får vekse i fred gjennom sommaren og kan haustast til vinterfôr.

På stølen budde kvinnene saman med dyra. Dei mjølka, laga ost og kinna smør. Nokre stadar vart det også drive utmarksslått i samband med stølsdrifta. Produkta dei laga vart mellom anna sende til Bergen med båt for å bli selde der.

Sidan 2024 har norsk og svensk stølskultur hatt status som immateriell kulturarv og vore på UNESCO si verdsarvliste. For 150 år sidan var det over 100 000 aktive setrar i Sverige og Noreg, no er det under 1000 att. I Fortun slutta mange med stølsdrift rundt 1950.

I Luster finn vi mange tufter og spor etter stølskulturen. Ormeli sin fjellstøl, Stølsdalen (1036 moh.), er i dag sjølvbetent turisthytte.

Personer på tur.