Fyrstemann til topps
Mange rekna Store Skagastølstind (2405 moh.) for å vere umogleg å kome seg til topps på. Toppen er mektig og ein ser den tydeleg på lang avstand. Difor hadde den også ei enorm tiltrekkingskraft. Kunstnarar og diktarar let seg inspirere, og vi finn Hurrungane på fleire kunstverk frå fyrste halvdel av 1800-talet.
Henrik Wergeland måla ein akvarell av Skagastølstindane i 1832, då han var på reise i området. Han skreiv også eit entusiastisk dikt om fjellrekka, og ein periode gjekk det rykte om at han hadde vore fyrstemann på toppen av Storen. Du kan lese meir om dette og fordjupe deg i historia i Arne Larsen si bok «Storen. Historien om menneskene og klatringen på Store Skagastølstind i Jotunheimen».
Briten William Cecil Slingsby (1849-1929) var også tiltrekt av Storen. Han besøkte Noreg fyrste gong i 1872 og klatra fjell i Jotunheimen, Romsdal og på Sunnmøre. Store Skagastølstind var ein av mange tindar han kom til som fyrstemann.
27-åringen hadde med seg nordmennene Emanuel Mohn og Knut Lykken på ein lenger tur i området. I juli 1876 hadde dei vore på ei rekke toppar då dei 21. juli prøvde seg på Storen. I det som seinare har fått namnet Mohns skar, vart turfølgjet ståande att, medan Slingsby klatra åleine og stod på toppen ca. kl. 18.40.
To år seinare var den norske kunstmålaren Harald Petersen (1850-1933) fyrste nordmann på Storen. Der oppe fann han eit lommetørkle som Slingsby hadde festa til varden han bygde. I hytta til Norsk Tindeklub i Skagadalen, heng oljemåleriet «Storen sett fra Store Midtmaradalstind» som Petersen måla i 1909.
Johannes Heftye (1849-1907) fann ei ny rute til toppen då han klatra her i 1880. Dette er den mest brukte ruta i dag. Skildringane hans er prega av at dette var ein lett og ufarleg tur. Han meinte at dei fleste kunne ta seg til topps utan problem. Kanskje heng denne tilnærminga saman med ein frustrasjon over at ein brite var fyrstemann her oppe. Det kan ha vore eit forsøk på å undergrave Slingsby sin prestasjon. Den kjende norske forfattaren og eventyraren Stein P. Aasheim fylgde i Heftye sine fotspor i 1980. Då klatra han og Lars Sulheim frå Lom opp Storen med same antrekk og utstyr som vart brukt 100 år tidlegare; hampetau, spikersko og vadmålskle.
Med skjørt på Storen
Therese Bertheau (1861-1936) var ein norsk klatrepioner. Ho jobba som lærar, men var eventyrlysten og brukte mykje tid i Jotunheimen. I 1885 gjekk ho til Uranostinden (2157 moh.), og ho var med på fyrstegongsturar til fleire toppar. Bertheau klatra også i det kjende klatrefeltet på Kolsås i Oslo.
I 1894 stod på ho på toppen av Store Skagastølstind som aller fyrste kvinne. Her var ho også i 1900 saman med Slingsby. I 1901 traverserte ho Skagstølstindane og Styggedalsryggen og i 1908 klatra ho Skagastølstraversen.
Fleire kvinner var på Store Skagastølstind i denne tidlege pionertida, men dei fekk aldri gå fyrst i tauet og lede klatringa. I 1909 vart Therese Bertheau invitert inn som medlem i Norsk Tindeklub, og frå 1902 var ho fyrste kvinne i styret til Den Norske Turistforening – men berre som vararepresentant.
På bilete frå 1900 ser vi korleis Bertheau og den lokale fjellføraren Ola Berge sikrar Slingsby opp dei siste metrane til toppen av Storen. Ho har på seg hatt og skjørtet er kort.
Lokale fjellførarar
Etterkvart som tindesporten vaks fram, vart det behov for lokale fjellførarar som kunne hjelpe folk trygt til topps. Kjende namn er Ola Berge, Knut Fortun, Arne Fortun, Johannes Hansen Vigdal, Thorgeir Sulheim og Ole Øiene. På 1880- og 1890-talet var dei viktige aktørar i tindesportens utvikling.
Ola Berge (1853-1928) starta Turtagrø Hotell ved stølen til Berge gard i 1888. Det vart ein populær tilhaldsstad for fjellturistar og eigaren sjølv var ein ettertrakta fjellførar. Han var på Storen over 130 gongar.
Ole Øiene (1856-1940) opna Øienes Hotell, også det i 1888, og det låg berre eit steinkast frå Turtagrø. Huset står framleis og er kjent som Sveitservillaen. Det har vore ein del av Turtagrø Hotell sidan 1911. Øiene dreiv Forthun Turiststasjon frå 1882 og tok med seg mange, spesielt engelske turistar, på tindane i nærområdet. Han var mellom anna fjellførar for William Fairbank, ein av britiske dronning Victoria sine livlegar, i 26 somrar.
Fjellførarane fekk patentførarbevis frå Den Norske Turistforening frå 1890-talet. Rundt 1905 kunne dei få omlag 35 kroner for ein føringstur til Store Skagastølstind.
Slingsby var på tur med fleire av dei lokale fjellførarane. Han klatra mykje saman med Johannes Hansen Vigdal (1851-1929) frå Solvorn som gjekk under namnet «the Solvorn Warrior».
Tindeklubben
Snart fylgde mange nordmenn i Slingsby sine fotspor og tidleg på 1900-talet reiste dei ofte til Vest-Jotunheimen for å finne vertikale utfordringar. 10. april 1908 vart Norsk Tindeklub starta. Blant stiftarane var Eilert Sundt, Carl Wilhelm Rubenson og Ferdinand Schjelderup.
Sistnemnde gifta seg med Leiken Vogt, dottera til Benjamin Vogt som var ambassadør i London mellom 1910 og 1934. Schjelderup vart god ven med Slingsby og var truleg inspirert av hans tilnærming til tindesport.
Den Norske Turistforening hadde eksistert sidan 1868, men dei unge klatrarane ønska seg ein klubb som var meir spissa mot klatring. I 1915 gav tindeklubben ut Noregs fyrste klatreførar: Fører for bestigninger av Horungtindene,
Klubben bestemte seg også for å bygge ei hytte ved foten av Hurrungane og Tindeklubbhytta i Skagadalen stod ferdig i 1938. Hasse Eriksen, som var medlem i Norsk Tindeklub frå 1964, fortel at det var strengt hierarki der oppe. Berre medlemmane fekk lov å bu i hytta og bordsettinga gjekk føre seg etter ansiennitet. Det vart servert fleire rettar og vin til maten. I kjellaren hadde dei dusj med varmevatn.
For å få medlemskap måtte ein dokumentere at ein hadde klatra og leda vanskelege ruter og bli anbefalt av to fadrar. Kvinner fekk ikkje ordinært medlemskap før i 1978.
Populært og risikabelt
Frå 1960–talet vaks tindesporten seg enda større og ulike aktivitetar i fjella vart veldig populære. Frå slutten av 1950-talet kunne ein ta brekurs. På 1960-talet vart det arrangert klatrekurs på Turtagrø der Hasse Eriksen var leiar for klatrekursa frå 1964-1971. Til påske var han med og kvista løyper frå Sota seter, via Nørstedalen, over Sognefjellet, opp til Fannaråken og til Leirvassbu. Dei gjekk på ski heile vegen og bar kvistane med seg i sekken.
I 1967 var påskevêret svært dårleg. Eriksen kvista løyper og overnatta på Krossbu då det kom melding om at sju skiløparar trengde hjelp. Ein redningsaksjon vart sett i verk i løpet av natta, men sikta var fråverande og vinden sterk. Til slutt måtte dei snu. – Eg såg ikkje Krossbu før eg køyrde skia inn i rekkverket på trappa, fortel Eriksen.
Så snart det lysna, starta redningsaksjonen opp att. Skiløparane vart funne, men fire av dei omkom. Totalt miste 17 personar livet på fjellet i Noreg denne påska. Desse tragediane førte til større medvit om tryggleik i fjellet.
Lettare utstyr har ført til at mange no legg ut på topptur i fjellet. I sommarsesongen er føringsturar til Store Skagastølstind svært populært, om vinteren er randoneeturar blitt ein utbreidd aktivitet. På Turtagrø har det vorte arrangert toppturfestival kvar vår sidan 2001.
Brattskikøyring og basehopping er døme på nye måtar å bruke fjellområdet på. Trass i at det er eksponert og krevjande, har det vore få ulykker på Storen. Færre enn ti personar omkom der mellom 1876-2025.
