Utsikt over Eidvatnet frå inne i huset.
Huset vart flytta ned i bygda i 1958, men frå 2018 har det stått her som det opphavleg vart sett opp. Turen hit går langs hovudvegen frå Fortunsdalen besøkssenter ned til Vassbakken Kro og Camping. Derifrå kryssar du Fortunselvi og fylgjer traktorveg og sti fram til huset. Det er mogleg å leige nøkkel dersom ein vil inn i bygget. Meir informasjon finn du her.
Dette er ein enkel tur på ca. 1,5 timar tur-retur, men ver merksam på at stien er steinete. Bruk gode sko. I lokalsamfunnet var staden kjent som «Østerrike». Ved hovudvegen står det ein treskulptur til minne om Wittgenstein og hans filosofi.
