1. Heim
  2. Opplevingar og turar
  3. Urnes stavkyrkje

Urnes stavkyrkje

Eit av Noregs mest verdifulle kulturminne finn du i Urnes, 36 km. frå Fortun. Det forseggjorde og rikt utsmykka trebygget er den einaste stavkyrkja på Unesco i verdsarvliste.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Fortunsdalen besøkssenter

Fortunsdalen besøkssenter gjev deg innsikt i natur- og kulturarv og inspirerer deg til å oppleve området sjølv, året rundt. I den gamle butikken i Fortun sentrum, er daglegvarer bytta ut med utstilling og kafé.

Velkomen til oss!

Kart (Google maps)

M

Meny

Urnes stavkyrkje vart sett opp i ca. 1130. Det var privat kyrkje for ein velståande lokal mann. I dekoren er det brukt ultramarin blåfarge som har kome til Sogn via Silkevegen, og lysestakane kjem frå Limoges i Frankrike.

Mest kjend er portalen som du finn på kyrkja sin nordlege vegg. Den er frå ca. 1070 og har stilelement frå vikingtida. Opphavleg stod den i ei eldre kyrkje, så dette er eit vakkert døme på gjenbruk.

I sesongen kan du få omvising inne i kyrkja, og her kan du lese meir om det spesielle bygget.