1. Heim
  2. Opplevingar og turar
  3. Store Soleibotntinden

Store Soleibotntinden

Vil du til topps i Jotunheimen, er Store Soleibotntinden (2083 moh.) ein forhaldsvis enkel tur som ikkje krev klatring.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Fortunsdalen besøkssenter

Fortunsdalen besøkssenter gjev deg innsikt i natur- og kulturarv og inspirerer deg til å oppleve området sjølv, året rundt. I den gamle butikken i Fortun sentrum, er daglegvarer bytta ut med utstilling og kafé.

Velkomen til oss!

Kart (Google maps)

M

Meny

Utsikt frå Store Soleibotntind.

Turen startar frå Tindevegen, ein privat bomveg som går mellom Turtagrø og Øvre Årdal.

Vil du til topps i Jotunheimen, er Store Soleibotntinden (2083 moh.) ein forhaldsvis enkel tur som ikkje krev klatring. Turen startar frå Tindevegen, ein privat bomveg som går mellom Turtagrø og Øvre Årdal.

Fyrste gong nokon stod på denne toppen var 14. august, 1888. Då kunne Kristoffer Furaas, Margaret Sophia Green og Torgeir Sulheim nyte utsikta herifrå.

Vil du fylgje i deira fotspor, startar du der Tindevegen kryssar Tverrelvi, omlag 1240 moh. Turen opp er ca. 9 km totalt og ein må rekne mellom 5-7 timar tur-retur. Du finn informasjon om turen her.