Frå traversen over Skagastølstindane i 1908. F.v. William Cecil Slingsby, Rob Baker og Carl Wilhelm Rubenson.
Fotograf: Ferdinand Schjelderup. Biletet er henta frå fylkesarkivet, Vestland fylke.
For å kome deg hit bør du vere i god fysisk form og ha klatreerfaring.
21. juli 1876 stod briten William Cecil Slingsby på toppen. Den gongen trudde ein av tinden var på 8. eller 9. plass over dei høgste fjella i Noreg. Likevel var det ei storhending som blir rekna for starten på tindesporten si historie her i landet.
Å gå hit er krevjande både for kropp og sinn. Fleire stadar er rutene eksponerte og luftige. Turen opp er 1600 høgdemeter og tek 12-15 timar. Du kan booke førar via Turtagrø hotell og finne ei nærare skildring av turen på nettsidene deira.
