Ormeli

Ta turen opp til Ormeli og opplev Noregs eldste fleirstølsbruk. Denne vakre høgdegarden ligg i eit heilt spesielt kulturlandskap, og du kan fylgje fleire vakre stiar og vegar for å kome dit.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Fortunsdalen besøkssenter

Fortunsdalen besøkssenter gjev deg innsikt i natur- og kulturarv og inspirerer deg til å oppleve området sjølv, året rundt. I den gamle butikken i Fortun sentrum, er daglegvarer bytta ut med utstilling og kafé.

Velkomen til oss!

Kart (Google maps)

M

Meny

Sauer ute på beite.

Foto: 

Forbi garden gjekk den eldgamle ferdavegen der handelsfolk frakta varene sine mellom aust og vest. Du kan fylgje sti vidare til Turtagrø. Den går via den sjølvbetente DNT-hytta Stølsdalen som opphavleg var sommarfjellstøl for Ormeli. Undervegs får du flott utsikt mot Hurrungane og her er spor etter stølsdrift fleire stadar.

Du passerer også Øvstestølen og Nedstestølen som begge høyrer til Ormeli, og du kan ta ein avstikkar til Ormelitunga (1114 moh.) som geipar utover Fortunsdalen. Les meir om turen her.

Ein kortare tur går frå tilrettelagt parkering i Fortunsdalen til Ormeli. Fylg den svingete vegen opp ca. 400 høgdemeter til garden som er open for besøkande frå 20.juni 2026.