Foto: Janne B. Klepp
Uteområdet ved Fortunsdalen nasjonalparksenter er eit fint utgangspunkt for fleire turar, men også verd å oppleve i seg sjølv. Her kan du klivre på steinen som det blir sagt at engelskmennene øva seg på før dei fekk klatre i tindane i Hurrungane. Du kan tenne bål og slappe av i gapahuken, lære meir om natur- og kulturhistoria vår, eller utfordre balansen i leikeparken.
