Fuglesteg

Høge natursteinsmurar og frodige torvtak kjenneteiknar høgdegarden Fuglesteg. Hit kan du gå på dagstur frå Fortunsdalen besøkssenter eller oppe frå Berdalen. Dette vakre området er også fint som utgangspunkt eller avslutning på ein lengre tur frå hytte til hytte.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Fortunsdalen besøkssenter

Fortunsdalen besøkssenter gjev deg innsikt i natur- og kulturarv og inspirerer deg til å oppleve området sjølv, året rundt. I den gamle butikken i Fortun sentrum, er daglegvarer bytta ut med utstilling og kafé.

Velkomen til oss!

Kart (Google maps)

M

Meny

På ein varm sommardag er det vanskeleg å sjå føre seg korleis det var å bu på ein så avsidesliggande stad året rundt. Men her har det vore gardsdrift sidan midten av 1600-talet og heilt fram til 1960-talet.

Turen opp frå Fortun tek omlag 1-1,5 timar. Parker ved Fortunsdalen besøkssenter og fylg sti og grusveg gjennom det bratte landskapet. Hugs å late att grinder og ta omsyn til dyr på beite. Frå Berdalen startar du på 1300 moh. Herifrå tek det omlag 2,5-3,5 timar ned til Fuglesteg. Stien fylgjer Berdalselvi, fyrst i høgfjellet og vidare gjennom skogen. Meir informasjon finn du her.

På Fuglesteg er det 31 sengeplassar. I helgane frå midten av mai til midten av september er det open kafé med enkel servering i steinstova.