Du kan starte turen frå Turtagrø. Den krev ikkje klatring, men er lang og krevjande. Stiginga er på totalt 1202 høgdemeter og det tek omlag fem timar å gå dei 7,9 km opp.
Stien er tydeleg, men bratt og steinete. Bruk godt fottøy og ha med deg varme klede. Vêret snur fort i høgfjellet og vinden kan bli sterk. Du finn meir informasjon her.
Det er også fint å gå til Fannaråken frå Sognefjellshytta over Fannaråkbreen. Dette er ein ganske lett bretur med ei stigning på 812 høgdemeter. Det tek omlag fem timar å gå dei 11 km til topps. For å krysse breen bør du gå med førar. Breføringa startar vanlegvis når Fannaråkhytta opnar for sommarsesongen. Les meir her.
