Ormeli
Ta turen opp til Ormeli og opplev Noregs eldste fleirstølsbruk. Denne vakre høgdegarden ligg i eit heilt spesielt kulturlandskap, og du kan fylgje fleire vakre stiar og vegar for å kome dit.
Krukla
Uteområdet ved Fortunsdalen besøkssenter er eit fint utgangspunkt for fleire turar, men også ei oppleving i seg sjølv. Her kan du klivre på steinen som det blir sagt at engelskmennene øva seg på før dei fekk klatre i tindane i Hurrungane. Du kan tenne bål og slappe av i gapahuken, lære meir om natur- og kulturhistoria vår, eller utfordre balansen i leikeparken.
Tussen
Toppen med det koselege namnet ligg på 1232 moh. på nordvestsida av Fortunsdalen. Turen hit gjev deg fantastisk utsikt mot Hurrungane og Mørkrisdalen.
Urnes stavkyrkje
Eit av Noregs mest verdifulle kulturminne finn du i Urnes, 36 km. frå Fortun. Det forseggjorde og rikt utsmykka trebygget er den einaste stavkyrkja på Unesco i verdsarvliste
Fannaråken
Kva med å ete middag 2068 moh.? På toppen av Fannaråken ligg Fannaråkhytta. Inga anna overnattingshytte i Noreg ligg høgare oppe.

