Jotunheimen nasjonalpark
Jotunheimen er eit eldorado for topptursamlarar. Her ruvar alle tindane i Noreg som er over 2300 moh. Aller høgst ligg Galdhøpiggen (2469 moh) og det er også det mest besøkte fjellet i nasjonalparken. I vest finn du dei kvasse Hurrungane med Store Skagastølstind (2405 moh.) i spissen.
Nasjonalparken rommar noko for ein kvar smak. Du kan klatre luftige toppturar, oppleve artsmangfald i grøderike stølsdalar og prøve fiskelykka i fjellvatna. Dette landskapet har lokka til seg folk i generasjonar. Du finn spor etter menneske som var her før deg mange stadar. Dyregraver og buplassar er minner etter fangstfolket som fylgde villreinen. Stølshus og beiteområde fortel om seterdrift med lange tradisjonar.
Breheimen nasjonalpark
Breheimen er ein mangfaldig nasjonalpark. Her kan du gå frå havnivå til godt over 2 000 moh. Landskapet er forma av isbrear, skred og andre geologiske prosessar gjennom hundretusenvis av år. Landskapet er svært variert. Du kan oppleve frodige stølsdalar, karrig høgfjell og mektige isbrear.
Fotturistar har vandra i nasjonalparken i årevis, og her finst nokre av dei meir krevjande turane i Sør-Noreg. Området har færre tilrettelagde stiar enn Jotunheimen og turisthyttene er stort sett sjølvbetente. På fottur i Breheimen opplever du stilla i naturen, blant dalar, vidder og tindar.
Opplev Ormeli
På ei solrik dalhylle, 450 moh. ligg høgdegarden Ormeli. Ei vakker gamal husklynge i eit landskap der dei eldste spora etter folk er frå brannrydding for 4500 år sidan. Sidan 2011 har husa og delar av innmarka og utmarka vore freda som kulturmiljø.
Før bilane si tid, passerte mange ferdafolk Ormeli på tur mellom kysten og innlandet. Her kunne dei også overnatte. Garden er Noregs eldste kjende fleirstølsbruk. I tillegg til Nedstestølen og Øvstestølen, hadde Ormeli også fjellstøl i Stølsdalen. To av stølane har vore i bruk heilt i frå vikingtida og mellomalderen.
Garden ligg høgt, og er forma av utmarkshausting, husdyrhald og engslått. Den var i drift fram til 2002. Dei siste drivarane var syskena Kjellaug og Erling Ormelid. Stiftinga Ormeli eig og forvaltar garden i dag. Sidan 2018 har det gått føre seg ei omfattande restaurering av bygningar og landskap.
Her kan du finne hus, beitemarker, slått- og lauvenger, haustingsskog og styvingstre som er rekna for å ha nasjonal verdi. Difor er dette eit av Noregs utvalde kulturlandskap, der det blir gjort aktive tiltak for å sikre verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminne og kulturmiljø.
Ormeli var veglaus fram til 1987 og er i liten grad prega av moderne inngrep og teknologi. Ein kan parkere ved brua inne i Fortunsdalen. Derifrå er det ein fin tur med stigning på ca. 400 m. opp til tunet.
