1. Heim
  2. Villrein og fangstfolk

Villrein og fangstfolk

Når du besøker Jotunheimen og Breheimen beveger du deg i villreinens landskap. Det som verkar karrig for oss, er næringsrike beite for desse spesielle dyra som har vandra her i tusenvis av år. Aust i Jotunheimen er det no store tamreinflokkar, medan villreinen lever lenger vest.
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Fortunsdalen besøkssenter

Fortunsdalen besøkssenter gjev deg innsikt i natur- og kulturarv og inspirerer deg til å oppleve området sjølv, året rundt. I den gamle butikken i Fortun sentrum, er daglegvarer bytta ut med utstilling og kafé.

Velkomen til oss!

Kart (Google maps)

M

Meny

Furuskog og fjellet Snota, landskapsbilde.

Villreinen er ein truga dyreart og Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på den. Dyra er robuste. Fysikken deira er tilpassa kulde og karrige beite. Pelsen til villreinen har ovale hår som er hole slik at dei kan fyllast med luft. Dei isolerer godt og hjelper dyra å halde varmen også når det er veldig kaldt. Dersom reinen må krysse elvar og vatn gjev lufta også ekstra oppdrift. Nesten som ein flytevest. 

Tidlegare var flokken i Vest-Jotunheimen villreinområde talrik. No er stammen på rundt 400 dyr. I Breheimen er det 650-750 villrein. Breheimen nasjonalpark utgjer den sørlege delen av Reinheimen og Breheimen villreinområde. Dette er det tredje største av dei 23 villreinområda i Noreg og her er ca. 2500 dyr totalt.   

Forstyrringar er eit trugsmål for villreinen. Det er viktig at dei får beite i fred slik at dei kan samle nok næring og krefter. Villreinen vandrar mellom beite- og kalvingsområde og flyttar seg gjennom året. Dersom dei blir forstyrra kan dei slutte å trekke til viktige leveområde. Difor må vi å ta omsyn til dyra. Oppdagar du villrein skal du trekke deg roleg tilbake den vegen du kom frå.

Villreinvettreglane

Fangstfolk i fjellet

Kven sine fotspor fylgjer du når du vandrar i Jotunheimen og Breheimen? Her har jegerar og fiskarar ferdast i tusenvis av år. Fleire stadar er det funne spor etter buplassar som er over 5000 år gamle.

Etter siste istid trakk villreinen opp i fjella og fangstfolka fylgde etter. Dei bygde seg bogestelle av stein til å skjule seg bak når dei jakta, hellerar og steinbuer å søke ly i og grov dyregraver for å fange rein og elg.

Dyregravene vart brukt fram til slik fangst vart forbode på 1800-talet. Villreinen vandrar framleis i desse fjella, og Fortun ligg midt mellom villreinområda Vest-Jotunheimen og Reinheimen-Breheimen.

Ved Styggevatnet, like ved grensa til Breheimen nasjonalpark, er det funne spor etter eit fangstanlegg. Her vart det gjort arkeologiske utgravingar i samband med oppdemminga av vatnet på 1980-talet. Ein fann mellom anna bein av saltvassfisk, som kan tyde på at dei bar med seg tørrfisk til niste. Restar etter større bogestelleanlegg er funne ved Gravdalsbandet og Bogastillenosi nær fjellet Vangsen i Jostedalen.

Alle desse spora etter fangstfolk er freda kulturminne og må få stå i fred.

Klimaendringar har også ført til at dei rekke gjenstandar etter fangstfolk har smelta fram frå isbrear og snøfonner dei seinare åra. Det er gjort over 3500 funn på meir enn 50 ulike stadar, av mellom anna pilskaft og pilspissar, sko og ski. Du kan sjå nokre av desse gjenstandane på Norsk fjellsenter i Lom.

Furuskog og fjellet Snota, landskapsbilde.