Naturmøteplass
Bente og Torkjell Sollesnes ser fram til å få endå større aktivitet på garden i tida framover.
- Ved å vere 4H-gard kan vi tilby positive aktivitetar for born og unge der dei får lære om landbruk, dyr og natur. Vi har mange ulike aktivitetar å tilby, også innan kunst og handverk, fortel Bente.
- Vi er opptatt av å bruke alle ressursane på garden, og eg er spent på kva som blir mest populært. Blir det hest og riding, dyreløypa eller naturmøteplassen med rappellering og andre friluftsaktivitetar, når den står klar? undrar Torkjell.
- Vi er så smått i gang på arbeidet med å lage naturmøteplass på garden i lag med lokale 4H-klubbar, forklarar Bente. – Her skal vi lage grillhytte og legge til rette for mange ulike friluftsaktivitetar. Vi har òg tenkt å dekorere med utsmykkingar og kunst i naturen. Planen er å opne naturmøteplassen seint i haust eller til våren.
Plass til overnattande
- Kven trur de vil besøke 4H-garden?
- Vi håpar at skular, barnehagar, 4H-klubbar og barnefamiliar vil besøke oss. I tillegg vil vi ta imot turistar for overnatting på sommaren. Vi har eit eige aktivitetshus der vi også har nokre sengeplassar til overnattande, fortel Torkjell.
- Vi har tilbod til dei som likar å vere i friluft, som vil ri, vere med på dyrestell og foring, lage mat ute i naturen eller drive med formingsaktivitetar med ull og anna materiale.
For kontakt ring Bente Sollesnes på telefon 40060525