1. Heim
  2. Besøkssenteret

Besøkssenteret

Fortunsdalen besøkssenter gjev deg innsikt i natur- og kulturarv og inspirerer deg til å oppleve området sjølv, året rundt. I den gamle butikken i Fortun sentrum, er daglegvarer bytta ut med utstilling og kafé. Velkomen til oss!
a

Meny

NN_logo_Dovrefjell_nasjonalparkstyre_svart

Fortunsdalen besøkssenter

Fortunsdalen besøkssenter gjev deg innsikt i natur- og kulturarv og inspirerer deg til å oppleve området sjølv, året rundt. I den gamle butikken i Fortun sentrum, er daglegvarer bytta ut med utstilling og kafé.

Velkomen til oss!

Kart (Google maps)

M

Meny

Sauer ute på beite.

I Fortun finn du vårt besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen og Breheimen. Kom inn til oss og finn inspirasjon til å dra ut og utforske området. Her kan du oppleve utstillinga Fjelliv, få informasjon, kunnskap og innsikt. Vi har også ein koseleg kafé og eit spanande uteområde.

Kven var dei fyrste som våga seg opp på tindane i Hurrungane? Korleis har folk i området levd med og av fjellet gjennom historia? Og kvifor er det så viktig å ta vare på villreinen som vandrar i nasjonalparkane? Dette er noko av det du finn svar på i Fjelliv. Her kan du også sjå Ole Marius Jørgensen sine kunstfotografi som foreinar notid og fortid i store visuelle opplevingar.

Krukla er uteområdet vårt der borna kan leike og finne sin indre Slingsby i klatreveggen. Vi har bålpanne, leikestativ og gapahuk der ein kan sitje tørt på våte dagar.

Besøkssenteret er eit flott utgangspunkt for lokale uteopplevingar. Vi gjev deg tips til turar og aktivitetar på alle slags nivå. Dette er også startpunktet for ei flott kulturhistorisk vandring til høgdegarden Fuglesteg.

Opningstider

Vi opner i juni 2026! 

Adresse

Sognefjellsvegen 7685, 6877 Fortun