Om nasjonalparkane
Vest for Fortunsdalen besøkssenter tronar Jotunheimen nasjonalpark med høgreiste fjell, frodige dalar og dei mektige tindane i Hurrungane. Mot nordvest ligg Breheimen nasjonalpark der villreinen vandrar i eit landskap med isbrear, karrige høgfjellsområde og grøderike stølar. Bli betre kjend med verneområda her.
Opplevingar og turar
Vil du gå høgt og bratt? Eller finne roa på historiske høgdegardar, stølar og fjellstover? Området rundt Fortunsdalen besøkssenter spenner vidt, frå tare til tind. Her kan du lese meir om opplevingar og turar.
Besøkssenteret
Fortunsdalen besøkssenter gjev deg innsikt i natur- og kulturarv og inspirerer deg til å oppleve området sjølv, året rundt. I den gamle butikken i Fortun sentrum, er daglegvarer bytta ut med utstilling og kafé. Velkomen til oss!
Tindehistoria
Ein julidag i 1876 stod William Cecil Slingsby på toppen av Store Skagastølstind, 2405 moh. i Hurrungane. Mange reknar dette som starten på den norske tindesporten, og lokale fjellførarar har spela ei viktig rolle i denne historia.
Villrein og fangstfolk
Villreinen kom til Noreg etter siste istid. Fangstfolk fylgde dyra nordover og spora etter dei finn vi framleis i Jotunheimen og Breheimen. Bogesteller, fangstgroper og hellerar fortel oss om kor viktig villrein har vore for utviklinga i desse områda i tusenvis av år.
Handels- og ferdaveger
Folk har kryssa fjellet på veg mellom aust og vest i tusenvis av år. På Sognefjellet ser du vardane som viste veg mellom Lom og Luster før det vart bilveg i 1938. Berre mellom Krossbu og Turtagrø er det registrert 300 vardar. Livsviktige hjelpemiddel for å finne fram, sjølv når skodda ligg tjukk og sikta er dårleg. I dag er desse verdifulle kulturminne som må få stå i fred.
Fakta og informasjon
Kvar ligg Fortunsdalen besøkssenter?
Fortun i Luster, ved foten av Sognefjellsvegen. Adresse i Google maps
Turmål i nærleiken
Du kan gå til Fuglesteg eller Ormeli, eller utforske uteområdet ved Krukla like ved besøkssenteret. Les meir
Nasjonalparkar i nærleiken
Velkomen inn, ta vare på naturen
Å vere ute i naturen er ein viktig del av vår felles kulturarv. Frå gamalt av har vi hatt rett til å ferdast frå fjell til fjord – uavhengig av kven som eig grunnen. Vi kan hauste vekstar som bær, sopp og blomar, og samle på inntrykk og opplevingar.
Råd om ferdsel
Hjelp oss å ta vare på naturen og bevare den rike kulturhistoria vår. I all utmark gjeld allemannsretten og reglane i friluftslova. Her finn du ei detaljert oversikt over reglane du må fylgje når du er ute på tur.
Du kan ferdast fritt i utmark heile året. På innmark kan du fylgje sti og veg, men pass på å halde avstand frå gardstun, hus og hytter.
Ta omsyn til beitedyr og vilt. Lat att grinder og hald avstand til storfe. Har du med hund, må du respektere bandtvangen i tidsrommet 1. april til og med 20. august. Ver merksam på at mange område har utvida bandtvang. Som hundeeigar har du ansvar for å setje deg inn i desse reglane.
Det er lov å tenne bål når det ikkje medfører brannfare. I Noreg er det som hovudregel bålforbod i skog eller annan utmark frå 15.april til 15. september.
