Turar

Follow us:

FURÅSEN

Denne turen fører til ein fjellgard som vart fråflytt tidleg på 1990-talet, men det vert framleis hausta fòr på garden.Garden Furåsen har fått namn etter treslaget som veks her.

På garden står sendemast for radio, fjernsyn og mobiltelefon. Turen gir flott utsyn over Fortunsdalen og fjella rundt. Følg riksveg 55 frå butikken mot Sognefjellet. Rett rundt Skjorasteinssvingen tek ein til høgre gjennom grinda og følg stien oppover til ein kjem inn på traktorvegen.

Følg traktorvegen til Vetleåsen der du tek til høgre for å komme til Furåsen.

 

LØNNINGANE

Utgangspunktet for denne fine stølsturen er garden Yttri på austsida av Fortunselvi, rett forbi Hydro Energi. Stien oppover er god å gå etter og ikkje særleg bratt i starten. Etterkvart aukar stigninga på og ein vinn fort høgdemeter. Utsynet opnar seg mot Hurrungane på motsett side av Fortunsdalen, og ein ser store deler av Sognefjellsvegen oppover mot Turtagrø. Etter eit litt flatare parti og ein ny stigning, dukkar stølsvollen på Lønningane opp som ein idyll under Tussen, eit fjell på 1232 meter over havet. .

FUGLESTEG

Fuglesteg er ein høgdegard på en fjellhylle over Fortun med utsikt mot Sognefjorden. Turen dit tar et par timer, den går i bratt terreng, men på fin veg og sti. Staden er no ei hytte i Den Norske Turistforenings løypenett, men den har ikkje vertskap. Fuglesteg har 23 sengeplassar.

Følg riksveg 55 frå butikken mot Sognefjellet. Rett rundt Skjorasteinssvingen tek ein til høgre gjennom grinda og føl stien oppover til ein kjem inn på traktorvegen.

Følg traktorvegen til Vetleåsen der du tek til venstre opp mot Fuglesteg. Stien er merka med raud O

 

3 timar (Total gangtid, tur-retur)

Copyright @ All Rights Reserved