Olsokmarknad

Olsokmarknaden i Fortun vert arrangert kvart år

helga nærast Olsok.

Første marknaden vart halden i juli 1987,

for 30 år sidan.

Olsokmarknaden 2017 vert arrangert helga 29. - 30. juli

 

I år har me 30 års jubileum og feirar med ein bildekavalkade med glimt frå desse tidlegare marknadane. Tradisjonen tru blir det sal av ulike varer, underhaldning og aktivitetar både laurdag og søndag.

 

Du kan kjøpa grillmat, kaffi og kaker begge dagane, men laurdag er det og sal av rømmegraut. Annemor snurrar lykkehjulet begge dagane og det blir nokre dyr å helsa på for ungane. Dersom du ønskjer ein meir aktiv marknad, kan du laurdagen prøva deg på pil og boge, klatring i Krukla og ponniridning for dei minste. I bodane kan du finne både gammalt og nytt, grønsaker, bær og andre smakfulle varer.

 

 

 

 

 

 

Årets olsokkonsert i kyrkja vert ved Helga Farestveit. Helga er oppvaksen i Sogndal og har drive med song og idrett heile livet. Etter eit år på vokallinja ved Follo Folkehøgskule har ho valgt å satsa vidare på song. I vår avsluttar ho bachelor i klassisk song ved kunstfakultet, Universitetet i Agder. Til Fortun har ho med seg sine medstudentar Earling Nikolaisen på piano og Halvor Aasen på fiolin.

 

Laurdagen vert avslutta med quiz og god stemning i Fortun Grendahus. Nørstedalssæter står for servering av enkel mat og drikkevarer.

 

Søndagen startar med friluftsgudsteneste på Fortun Gamle Kyrkjegard og fortset med sal frå boder, sal av grillmat, kaffi og kaker. Mot slutten av dagen vert marknadslotteriet trekt.

Marknaden vil sjølvsagt også fortsette på søndagen.

 

Me trur me har noko for ein kvar smak på programmet

og håpar mange finn vegen til Fortun denne helga.

 

Det er ingen minibank i Fortun, så ta med kontantar!

 

Fortun Bygdalag ynskjer velkommen til Fortun på marknad!

Nokre bilete frå tidlegare marknader

Copyright © All Rights Reserved