Klatring

FØRAR

 

Ruter:

Alle graderingar er veldig omtrentlige, og kan godt vere tildels feil.

I føraren har vi stipla inn ruter med ulike fargar ut frå omtrenteleg vanskegrad.

Då er kvit ca grad 4, grønn: 5, blå: 6, gul:7 og rød: 8.

Under er rutene lista om med navn og gradsforslag:

KRAFTVERKET KLATREFELT

Dette klatrefeltet ligg like før Fortun Kraftverk, litt over ein kilometer forbi sentrum. innover dalen.

 

1.     Kraftbaugen 6+, 12 m

1. b Kraftbaugen forlengelse  8, 25 m

2. Underspenning 7-, 15 m

2. b Overspenning 7, 25m (travers ut frå underspenning og

 inn i toppen på kraftbaugen forlengelse)

3. Ingen mosekraft 6-,10 m

4. Ship o`hoy 6, 25 m

4. b Kort 2.taul. opp til ein standplass, 10m. Kanskje mest naturlig å  fortsette inn i...

4. c som stort sett er å mantle seg over hyllekanten og gå bort den store hylla til standplass i to limboltar. 8 m.

4. d Den bolta linja rett opp frå standplass ca 5+

4. e Kraftsprekken 4, naturleg sikra, 10 m. Med to 60 m tau kan ein rapellere frå ankeret og heilt ned til bakken.

5.  Høgspenning 5, 20 m Felles start med Ship o`hoy, så høgre

6.  Lavspenning 4, 20 m

7.  Kraftsjakta 4, 20 m

TROLLSTEIN KLATREFELT

Trollstein ligg på naturmøteplassen Krukla, i sentrum av Fortun. Naturmøteplassen er åpen for alle og inneheld og grillhytte, klatrejungel og eit leikeapparat for dei yngste.

Ein fin plass for heile familien!

Med støtte i Miljøløftet til 4H har Fortun 4H bygd klatrefeltet Trollstein, med åtte uliker ruter på same stein. Steinen er om lag 15 meter høg og har fine ruter for både baarne, nybegynnarar og vidarekomne, grad 3-6. Bedrifta Sognatur har bistått med kompetanse til bolting av ruter og toppfeste, samt kursing.

 

VIKTIG Å HUGSA VED BRUK AV KRUKLA:

Naturmøteplassen må behandlast fint.

Hugs å rydda opp etter deg!

Dei som ynskjer å klatra gjer dette på eige ansvar!

Ein må ha med eige klatreutstyr.