Fortun Bedehus

FORTUN BEDEHUS

 

SPRELL LEVANDE

SPRELL LEVANDE er eit tilbod til barn frå 4 - 9 år, annankvar onsdag i partalsvekene frå 17.00 - 18.15. Me har andakt, syng saman, lagar av og til noko fint og har ein liten matbit.

YNGRES

YNGRES er for dei som går i 5. klasse og eldre. Me samlast annankvar onsdag, etter Sprell Levande, klokka 18.30 - 20.00.

Me startar med andakt og sang, noko godt og eta og avsluttar med ein aktivitet.

Copyright © All Rights Reserved.

 

"Land, land,

land, høyr Herrens

ord"

Bedehuset vart bygd i 1970. Huset har ei grunnflate på 12 x 8 m. Det er bygt i to høgder, den eine som kjellarhøgd. Kjellarhøgda er innreidd med kjøken, kjellarstove, garderobe og toalett, andre høgda med storsal og småsal, skilde med faldedører. Ute er det bygd tilkomstveg for rullestolbrukarar.

 

 

 

Det første bedehuset i Fortun (framme, t.h.) stod ferdig i 1908. På 1960-talet bygde dei på eit inngangsparti med toalett. Huset vart rive nokre år seinare for å gje plass til ein transformator.