BJØRKEHAUGEN

GARD

 

 

 

 

 

 

 

 

Bjørkehaugen er eit lite småbruk som er økologisk drive. Her har vi spelsau,

 

 kashmirgeit, utegåande grisar, gjeser, kalkun, høns, kaninar, ein dølahest og to

 

 shetlandsponniar, to hundar og ein katt.

 

Vi dyrkar litt jordbær, bringebær og solbær.

 

Bjørkehaugen er ein Inn På Tunet gard og  4H gard.

 

I sommarhalvåret tek vi imot

 

 gjestar på omvising kvar dag mellom kl. 12.00 og kl. 15.00.

 

Ring Bente Sollesnes på

 

 telefon 40060525 for å avtale tid.

 

Pris pr. time kr. 200,-

 

 

Vi har eit overnattingshus som kan leigast i juli månad eller for

 

weekendar frå mai til september.

 

 

 

Klipt frå 4H Sogn og Fjordane:

 

10 ulike dyreslag

 

Bjørkehaugen 4H-gard vart godkjend som 4H-gard denne våren, og er den fjerde 4H-garden i Sogn og Fjordane. Bente og Torkjell flytta frå Bergen til Fortun med fem born og overtok bruket i 1991. Dei har bygd opp garden frå grunnen, og har drive økologisk produksjon sidan dag ein. Frå 2004 starta ekteparet Inn på tunet-verksemd med tilbod til grupper og enkeltpersonar som ynskjer å vera på ein gard.

Det er ikkje mindre enn 10 ulike dyreslag på garden, og alle har kvar sitt hus som dei bur i. På vandringa mellom dyra kan dei besøkande oppleve både geiter, hest og ponniar, kalkun, gjess, høner, grisar, sauer, kaninar, to hundar og ein katt. Den nye 4H-garden er også eit godt utgangspunkt for opplevingar i friluft i storslått natur.

 

Naturmøteplass

Bente og Torkjell Sollesnes ser fram til å få endå større aktivitet på garden i tida framover.

- Ved å vere 4H-gard kan vi tilby positive aktivitetar for born og unge der dei får lære om landbruk, dyr og natur. Vi har mange ulike aktivitetar å tilby, også innan kunst og handverk, fortel Bente.

- Vi er opptatt av å bruke alle ressursane på garden, og eg er spent på kva som blir mest populært. Blir det hest og riding, dyreløypa eller naturmøteplassen med rappellering og andre friluftsaktivitetar, når den står klar? undrar Torkjell.

- Vi er så smått i gang på arbeidet med å lage naturmøteplass på garden i lag med lokale 4H-klubbar, forklarar Bente. – Her skal vi lage grillhytte og legge til rette for mange ulike friluftsaktivitetar. Vi har òg tenkt å dekorere med utsmykkingar og kunst i naturen. Planen er å opne naturmøteplassen seint i haust eller til våren.

 

Plass til overnattande

- Kven trur de vil besøke 4H-garden?

- Vi håpar at skular, barnehagar, 4H-klubbar og barnefamiliar vil besøke oss. I tillegg vil vi ta imot turistar for overnatting på sommaren. Vi har eit eige aktivitetshus der vi også har nokre sengeplassar til overnattande, fortel Torkjell.

- Vi har tilbod til dei som likar å vere i friluft, som vil ri, vere med på dyrestell og foring, lage mat ute i naturen eller drive med formingsaktivitetar med ull og anna materiale.

 

 

 

For kontakt ring Bente Sollesnes på telefon 40060525

 

 

 

 

Kontaktinformasjon:

Bente og Torkjell Sollesnes

Holmestad

6877 Fortun

mob. +47 400 60 525 

e-post: bentesollesnes@yahoo.no

 

 

 

HEIM       

 

 

                                          

 

 

 

 

                        

 

     

                               

     

                                                                         

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

    GLIMT FRÅ

    ÅPEN GARD

     

     

     

     

     

     

    FORTUNSDALEN.NO