Ormelid Gard

Den tidlegaste tida det var drift på Ormelid er dokumentert gjennom arkeologiske funn som ein har kunna datere attende til år 2465 før Kristus. Ormelid er det eldste fleirstølsbruket som er kjent i Noreg. To av stølane er tidfesta til overgangen mellom vikingtida og middelalderen.

Vegen mellom Gudbrandsdalen og Sogn gjekk forbi Ormelid. Ferdselsvegen over fjellet kan vere opptil 3000 år gammel og fortel om kontakt mellom ulike delar av landet over lang tid.

Kulturlandskapet på Ormelid syner samanhengen mellom buplass og driftsform. Her kan ein sjå vilkåra folk har levd under og korleis dei har brukt ressursane som var i naturen sidan forhistorisk tid. Garden vart freda av Riksantikvaren i august 2011 og fredinga omfattar steinstova, kårstova/herberget, stabburet, vedskjulet, driftsbygningen, turkehuset, Nedstestølen, Øvstestølen, deler av utmarka og ein del av innmarka.

Kjellaug Ormelid og broren Erling budde på garden fram til 2004, som femte generasjon i familien.

Kjelde Riksantikvaren

Frå Riksantikvaren

Frå Luster Kommune

ORMELID GARD

Ormelid gard fortel mange historier.

Ormelid er ein høgdegard i Luster og tunet på Øvrelid ligg om lag 450 meter over havet. Det er heilt spesielt å finna ein gard frå forhistorisk tid så høgt over havet.