Fuglesteg

FUGLESTEG

Fuglesteg er ein gard som ligg på ei fjellhylle omlag 630 moh. Garden vart rydda rundt 1650 og det budde etter kvart to familiar der oppe. Det store steinhuset vart bygd i 1830 av Sylfest Ormeli. Han bar stein til garden i fem år før han fortalde kona om byggjeplanane. All stein på garden vart brukt til hovedhuset som er femten meter langt og åtte meter breitt, i to fulle etasjar. Murane er meir enn ein meter tjukke og mellom steinane er det pakka jord.

I 1968 vart Fuglesteg fråflytta.

Garden brann ned i 1985, så berre steinveggane stod att, og når det kom fukt til vart steinane sprengde ut av muren. Men i 2000 tok Luster Turlag initiativ til å restaurera bygningane. Prosjektet tok 2500 timar dugnadsarbeid og 2,1 mill kroner. Pengane kom frå familien, Luster Kommune, Olav Thon og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Det vart og gitt tippemidlar til prosjektet.