Fortun

Fortun er ei lita, triveleg bygd i Sogn. Frå inste enden av Sognefjorden er det berre ei halv mil inn til Fortun. Riksveg 55 slynger seg storslått frå bygda opp på Sognefjellet. Dette vegpartiet er Noregs største samanhengjande oppstigning, nær 1300 høgdemeter, fjellovergangen når 1434 moh. på sitt høgste.


Fortunsdalen slynger seg innover mellom høge fjell. Her ligg mange fine gardsbruk i god drift. Elva som renn gjennom dalen har vore ei god lakseelv. Oppover dei bratte fjellsidene klorar bjørkene seg fast og det renn bekkar av ulik storleik mot dalen. Her er mykje hjort i bygda. Køyrer ein langs dalen seinhausten kan ein ofte sjå over femti dyr som beitar på bøane.


I "sentrum" ligg Fortun kyrkje, Grendahuset og "Gamleskulen" som no mellom anna er omdanna til møtesal, markedsplass og treningssenter.


Dalen er spredt befolka, tilsaman rundt 100 fastbuande. Me som bur her lever av gardane og ellers ulike slag arbeid i Luster. I bygda ligg eit større kraftverk og bilverkstad med bensinstasjon.


Over bygda ligg, som ein port til Jotunheimen, Turtagrø med utsikta over Hurrungane der Skagastølstindane ligg i sentrum (2403 moh.). Her er Turtagrø hotell og mange fine stølshus. Området er utgangspunkt for mange storslåtte fjellturar og eit sentrum for fjellklatring, og med gode høve til småviltjakt og fiske. Om vinteren er det fine skiforhold både for fjellturar, lange løypeturar og telemarkkøyring.

Vest Jotunheimen si villreinstamme held til i dette området.

Her er nokre filmar der du får sjå

heile dalen, frå inst til ytst,

laga av Ole Gudmund Bjørk

NRK

LANDET FRÅ LUFTA

Frå Lom til Luster